-
Presidenten i USA, Joe Biden kallar masseskytinga på kjøpesenteret i Buffalo i delstaten New York for innanlands terrorisme, skriv nyheitsbyrået AFP.
Ti personar vart drepen i masseskytinga som no blir etterforska som hatkriminalitet.
Biden omtalar også kvit makt-ideologi som gift og seier det ikkje har noko plass i USA. Han var tysdag i delstaten saman med kona Jill Biden for å sørge saman med lokalsamfunnet.
-
Ukraina og Russland har inntil vidare stansa forhandlingane om å finne ei fredsløysing på krigen, stadfestar begge land.
Ifølgje Ukrainas forhandlingsleiar Mikhail Podoljak er det ikkje mogleg å få til framgang i forhandlingane all den tid Russland ikkje erkjenner situasjonen som rår på bakken.
Først når dei russiske styrkane har trekt seg tilbake, vil det vere mogleg å forhandle om ei våpenkvile, seier han.
Russlands viseutanriksminister Andrej Rudenko stadfestar at forhandlingane med Ukraina er lagde på is.
– Ukraina har praktisk talt forlate forhandlingsprosessen, seier han.
(NTB)
-
Tysklands statsminister Olof Scholz har hissa på seg kritikarar etter å ha sagt at han ikkje aktar å besøkje Kyiv berre for å ta bilete.
Europeiske leiarar har dei siste vekene reist til Ukrainas hovudstad der dei har møtt president Volodymyr Zelenskyj.
Scholz har ikkje vore blant dei, truleg for å markere misnøya si med at leiinga i Kyiv førre månad takka nei til eit besøk frå Tysklands president Frank-Walter Steinmeier.
– Eg stiller meg ikkje i køen saman med ei gruppe menneske som dreg på lynvisitt for at det skal takast bilete. Det må handle om meir konkrete ting, sa Scholz til kringkastaren RTL måndag.
Kritikken lét ikkje vente på seg, og blant dei som reagerte, var CDU-leiar Friedrich Merz som sjølv nyleg besøkte Zelenskyj.
Han viste til at både utanriksminister Annalena Baerbock og presidenten i den tyske nasjonalforsamlinga, Bärbel Bas, er blant dei som nyleg har vore i Kyiv.
(NTB)
-
Ein mann i 20-åra omkom etter ei alvorleg UTV-ulykke i Ål kommune. Dei pårørande er varsla, skriv politiet på Twitter.
Kjærasten til mannen var passasjer på firhjulingen, men vart ikkje skada.
Kommunens kriseteam er varsla og hjelper familien.
Vegvesenet si ulykkesgruppe er varsla og rykker ut til staden.
-
Motorsyklisten som kjørte av vegen i Ilsåslia på Rena er fraktet til Ullevål sjukehus med luftambulanse. Skadegraden er uavklart, melder politiet i Innlandet.
-
Den svenske statsministeren Magdalena Andersson seier at Sverige og Finland vil saman søkje om Nato-medlemskap på onsdag, skriv Aftonbladet.
Dette seier ho på ei pressekonferanse saman med den finske presidenten, Sauli Niinistö på 17. mai.
– Vi delar tradisjon og kultur. Dei siste månadane har det blitt klart at sikkerheita vår heng saman, seier Andersson.
Om situasjonen med Tyrkia seier presidenten i Finland at det er ganske overraskande.
– Vi søkjer kontakt med Tyrkia og er klare til å reise til Tyrkia og ordne opp i spørsmåla, seier Niinistö.
-
Sør-Aust politidistrikt melder om ei alvorleg trafikkulykke i Ål kommune. Naudetatane er på staden der ein UTV eller ATV er involvert. Det var ein person på køyretøyet, skriv dei.
– Det tyder på at det er alvorleg personskade, seier operasjonsleiar Jan Kristian Johnsrud i Sør-Aust politidistrikt til NTB.
-
Alle naudetatane har rykka ut til ei trafikkulykke i Oslo der eit barn er påkøyrt og alvorleg skada, seier operasjonsleiar Gjermund Stokkli til NRK.
–Den skadde er køyrt til sjukehus med alvorlege skader. Vi snakkar med bilførar og vitne for å finne årsaka til ulykka, melder politiet på Twitter.