-
Politiet på Stord fekk melding om ein «herpa» bil som stod parkert ved ein ladestasjon på Heiane i ettermiddag. Politiet kom i kontakt med føraren, ein mann i 40-åra, som verka rusa. Etter ein blodprøve på legevakta, erkjente mannen å ha tatt narkotika og ha stole bilen. I tillegg fann politiet narkotika i bilen. Mannen blir meldt for alle forholda.
-
Førde sjukehus er eitt av sjukehusa som laurdag blir trua av den russiske hackargruppa Killnet. Gruppa truar fleire sjukehus og helseinstitusjonar i Noreg. – Helse Vest IKT melder at dei har kontroll på denne situasjonen, seier kommunikasjonsrådgjevar Per Marifjæren i Helse Førde til NRK. Administrerande direktør i Helse Vest IKT Ole Jørgen Kirkeluten fortel at føretaket har sete i verk geo-blokkering for land utanfor Skandinavia. Geo-blokkering avgrensar tilgangen til ei netteneste basert på brukaren si geografiske plassering.
-
Politiet starta evakuering av eit eldresenter på Nesttun etter at ein brannalarm gjekk av like før kl 14. Det viste seg at røyken stamma frå matlaging i ei leilegheit.– Akkurat no er det nok ikkje trong for full evakuering, men me måtte starta evakuering før me fekk klarheit i kor røyken kom frå, seier operasjonsleiar Stine Mjelde i Vest politidistrikt.
-
Naudetatane rykker ut til ei ulukke på Hjortlandsvegen på Flaktveit i Åsane. To bilar med tre personar og to hundar er involverte, melder politiet klokka 14.07. Ein bergingsbil er også på plass. – Ambulanse er på veg for å sjå til dei involverte. Alle er medvitne og ingen fastklemte. Det er litt uklart for oss kva som har skjedd, seier operasjonsleiar Stine Mjelde.
-
Kostebil er tilkalt etter at ein bil med hengar har mista mykje grus i rundkøyringa nord for Stongafjellsvegen/Follesevegen på fylkesveg 562 på Askøy. Mesta sende bil for å rydda opp, men valde å bestilla kostebil etter å ha sett mengdene. Bilistar blir bedne om å køyra forsiktig.
-
Den russiske hackergruppen Killnet truer lørdag sykehus og helseinstitusjoner i Norge, skriver TV 2. Hackergruppen har delt en «angrepsliste» på sin Telegram-konto, skriver de.
Pressevakt Lena Skotland hos Vestre Viken helseforetak sier til NRK at de er kjent med angrepet:
– Det er ustabile nettsider hos oss som Helsenett jobber for fullt med å fikse. Om du går inn på våre nettsider og søker på informasjon om leddgikt eller annet er det den type informasjon som er rammet, sier Skotland.
I listen blir følgende norske sykehus nevnt som mål:
Ahus, Sykehuset Innlandet, Førde sykehus, Ringerike sykehus, St. Olavs Hospital, SKien sykehus, Stavanger universitetssykehus, Tønsberg sykehus og Universitetssykehuset i Nord-Norge-
Kilnet påtok seg ansvaret for hackerangrep mot en rekke norske tjenester i fjor sommer.
-
Ein mann i 20-åra blei laurdag fengsla i ei veke med brev- og besøksforbod i Hordaland tingrett. Mannen blei pågripen torsdag.
Han er sikta for mishandling i nære relasjonar, etter å ha utøvd vald mot sin sambuar, ei kvinne som også er i 20-åra, opplyser politiadvokat Bernt Dahlsveen.
Han bad om fire vekers fengsling. Politiadvokaten vil ikkje seia noko om kvar den no fengsla mannen blei pågripen. Retten la ned referatforbod frå rettsavgjerda.
– Dette er ei type sak der me ikkje kan gje noko særleg informasjon utover det eg alt har sagt, seier Dahlsveen.
– Min klient erkjenner ikkje straffskuld, og tar omtenkingstid på kor vidt han vil anka rettsavgjerda. Han håpar å bli lauslaten tidleg neste veke, seier mannen sin forsvarar Jørgen Riple.
-
En mann i 20-årene er tiltalt for grov voldtekt av to barn under 14 år. Mannen må møte i Hordaland tingrett i mai.
Ifølge tiltalen skal mannen forgrepet seg på et kvinnelig familiemedlem. Mannen skal ha forgrepet seg på jenta over en periode på seks år, skriver Bergens Tidende.
Mannen er i tillegg tiltalt for voldtekt mot et annet familiemedlem under 14 år.
Vedkommende har ikke erkjent straffskyld.
– Han har under etterforskning av saken ikke kjent seg igjen i beskyldningene og ikke erkjent straffskyld, opplyser mannens forsvarer, Kathrine Liland i en sms til BT.
Grov voldtekt av barn under 14 år kan straffes med fengsel inntil 21 år. (NTB)