-
To personar fekk problem i motstraumen då dei var ute og svømte ved Orrestranda.
Ein person oppdaga dette og svømte ut med livbøye til dei.
Alle tre kom seg trygt i land og treng ikkje legetilsyn opplyser politiet.
-
Ein bil har køyrt inn i eit steingjerde i Gjesdal i Rogaland.
Det skal berre ha vore ein person i bilen, men fører falt om då naudetatane kom til staden.
Det er snakk om helserelaterte problem ifølge politiet og dei driv nå med hjarte-lunge-redning (HLR) på staden.
Det er store skadar på bilen.
Hendinga påverkar ikkje trafikken.
Politet og naudetatane jobber framleis på staden, opplyser politet om klokka 11.
-
Seint fredagskveld sende Rogaland sau- og geit inn søknad om fellingsløyve av ulven som har blitt observert i Sokndal.
– Når me fekk søknaden inn gav me rakst skadefellingsløyve på ein ulv, seier assisterande fylkesmiljøvernsjef Cathrine Stabel Eltervåg.
Løyva varer i to veker, fram til 9. august.
To sauer er dokumentert drepne av ulven.
-
Mellom klokka åtte og ni utførte politiet promillekontroll i Sauda sentrum.
Det var ingen utslag på dei 43 som vart kontrollert.
-
Naudetatane rykka ut til Madlakrossen 01:32 i natt til ein bilist som køyrde i autovernet. Bilen fekk store materielle skadar.
Høg fart og beruselse er truleg årsaka til ulukka melder politiet.
Førar vart tilsett av ambulanse på staden.
-
Ein mann i slutten av 30 åra er anmeldt for å ha køyrt i påverka tilstand og utan førarkort.
Mannen vart i går kveld køyrt til legevakta for blodprøvetaking. Han mistenkast for å ha køyrt i alkohol- og narkotikapåverka tilstand, samt utan førarkort då dette vart beslaglagt tidlegare i sommar.
-
Dalane Tidende melder at to sauer er funnet drept i området en ulv har blitt observert i Sokndal. Den lokale rovviltkontakten skal være på stedet for å undersøke saken.
-
Politiet oppretter sak etter brannen i Stavanger tidligere i ettermiddag, men har ikke funnet de mistenkte guttene. Det er noe skadeverk på stedet, melder politiet.