-
Ein mann i 20-åra blei laurdag fengsla i ei veke med brev- og besøksforbod i Hordaland tingrett. Mannen blei pågripen torsdag.
Han er sikta for mishandling i nære relasjonar, etter å ha utøvd vald mot sin sambuar, ei kvinne som også er i 20-åra, opplyser politiadvokat Bernt Dahlsveen.
Han bad om fire vekers fengsling. Politiadvokaten vil ikkje seia noko om kvar den no fengsla mannen blei pågripen. Retten la ned referatforbod frå rettsavgjerda.
– Dette er ei type sak der me ikkje kan gje noko særleg informasjon utover det eg alt har sagt, seier Dahlsveen.
– Min klient erkjenner ikkje straffskuld, og tar omtenkingstid på kor vidt han vil anka rettsavgjerda. Han håpar å bli lauslaten tidleg neste veke, seier mannen sin forsvarar Jørgen Riple.
-
En mann i 20-årene er tiltalt for grov voldtekt av to barn under 14 år. Mannen må møte i Hordaland tingrett i mai.
Ifølge tiltalen skal mannen forgrepet seg på et kvinnelig familiemedlem. Mannen skal ha forgrepet seg på jenta over en periode på seks år, skriver Bergens Tidende.
Mannen er i tillegg tiltalt for voldtekt mot et annet familiemedlem under 14 år.
Vedkommende har ikke erkjent straffskyld.
– Han har under etterforskning av saken ikke kjent seg igjen i beskyldningene og ikke erkjent straffskyld, opplyser mannens forsvarer, Kathrine Liland i en sms til BT.
Grov voldtekt av barn under 14 år kan straffes med fengsel inntil 21 år. (NTB)
-
Mannen som fall frå ein båt i Flåm i Aurland er uskadd, opplyser politiet. Mannen sumde sjølv i land. Ingen andre skal ha vore om bord i båten.
-
På rv. 13 ved Ringøy i Ullensvang er det no opna for normal ferdsel i begge køyrefelt. Det har vore drive bilberging på staden etter at ein trailer sette seg fast.
-
Alle naudetatar er på veg til Flåm i Sogn etter melding om at ein person har falle i sjøen frå ein båt. Vedkomande skal ha hatt på seg redningsvest. Politiet fekk meldinga klokka 11.04. Kl 11.19 melder politiet at vedkomande har sumt i land sjølv. Det vert undersøkt om det var fleire personar om bord i båten.
-
Varselet om snøfokk i fjellet i Sør-Noreg er forlenga til å gjelda ut måndagen, melder Meteorologisk insitutt. Periodar med vind og snøbyer vil gi utfordrande køyreforhold. Trafikantar blir bedne om å sjekka veg- og føremeldingar før dei legg ut på langtur.
-
Slik er situasjonen på fjellovergangane no:
Fv. 50 Aurland-Hol: Kolonnekøyring. Fv. 53 Tyin-Årdal: Stengt grunna uvêr. E134 Haukelifjell: Kolonnekøyring Rv. 7 Hardangervidda: Blir halde stengt til måndag. Ny vurdering på måndag, innan klokka 12. Rv. 52 Hemsedalsfjellet: Fare for kolonnekøyring.
-
Naudetatane har rykt ut til ei trafikkulukke i Lindås. Ein bil med ein person skal ha køyrt inn i ein mur. Føraren er medviten og ikkje fastklemt, opplyser politiet. Det er ingen trafikale problem som følgje av ulukka. Det skal vere glatt på staden.